Inga S. Søreide på Kabuso 03. november - 20. november
Skrevet
Du går fram til havet, opnar og stenger etter deg.
Installasjon/ Skulptur og måleri.
I foaje- utstillinga på KABUSO visar Inga S. Søreide (1982) ein installasjon som inneheld seks nye verk. Installasjonen utgjer tre akryl maleri og tre skulpturar. I det største maleriet ser ein eit hovud oppstilt framføre ei trerot. Ut av auga på hovudet stikk det eit kraftig tauverk, som lengre nede i billedflata dannar ein stor kveil. Eit anna verk i installasjonen er ein skulptur i voks av kunstnaren si hand. Inne i handa har det vore brennande fyrstikker, og handa har smelta. Det som er att, er restane av objektet.
Arbeida kombinerer kroppsdelar i saman med andre motiv eller readymades. I maleria blir naturen brukt som metaforisk materiale. Kunstnaren ynskjer å oppnå ein intensitet som grip inn psykologien og det metafysiske. Verka prøver også å seia noko om samfunnets ulike vilkår, sosiale aspekt og menneska sine situasjoner.
Tittelen Du går fram til havet, opnar og stenger etter deg er lånt frå eit dikt av poeten Bruno K. Öijer. Med denne tittelen dannast det kopling mellom staden Øystese(som ligg vend mot havet) og presentasjonen av nye verk.
Inga S. Søreide er utdanna billedkunstner med Bachelor –og Mastergrad frå Noreg og Tyskland. Året 2009 uteksaminerte ho frå Statens kunstakademi i Oslo. Ho bur no i Bergen, der ho arbeider innafor fagfelta skulptur, installasjon og måleri. I dei siste åra har ho hatt separatutstillingar og delteke på ein rekke gruppeutstillingar. I oktober 2012 skal ho ha separatutstilling på Galleri 21 i Malmö i Sverige.
Du går fram til havet, opnar og stenger etter deg blir vist på Kabuso fra 03. november - 20. november.