Velkommen til årets performancekveld, «Liminal lekeplass», på Kunstskolen i Bergen!
I løpet av kvelden får publikum oppleve kunst i øyeblikket, av og med studenter på 2. året.
Program for kvelden kommer, med tidspunkt og plassering for studentenes arbeid.
Eventet markerer avslutningen på undervisningsperioden med fokus på performance. Faglærer har vært Mia Øquist.
I forbindelse med kveldens arrangement kommer vi til å bruke inngangen gjennom skolens garasjeport som hovedinngang, ved siden av Riis Bilglass.
Det blir mulig å kjøpe drikke i skolens bar.
Eventet er gratis og åpent for alle.
Velkommen til oss i Kanalveien 5!

Studentene sier dette om arrangementet:
«Liminal leikeplass»
I år har 2. klasse på KIB valt seg ein framsyningstittel som representerer både denne performancekvelden i seg sjølv, men også noko som er skildrande for korleis skulen som fysisk bygg fungerer for oss. Ikkje minst kan vi sjå på rom i utvida betydning: det vi lagar for kvarandre, slik at vi har nok plass å vekse på. Dette treng vi for å arbeide med alt frå det heilt kvardagslege til det spektakulære.
Det liminale er grensa mellom to tilstandar: ordboka nemner ein terskel, ei dør og ein opphaldsstad. I psykologisk betydning brukar vi no ordet om det å vere i ein skapande prosess, der det utforskande er eit essensielt element som vi heile tida forsøkjer å utfordre oss til å finne tryggleik i. Vi blir oppfordra til å gå dit det brenn. Å gå dit det brenn, er sjølvsagt kontraintuitivt: ingen ynskjer å setje fyr på seg sjølv. Her kjem leikeplassen inn. Ein
leikeplass er i høgste grad ein stad for utforsking, og utforskinga blir ikkje berre godkjend, den blir direkte oppfordra til av sjølve staden. Alle elementa der er ikkje berre aksepterande,
men inviterande, søkjande, dei skrik etter å bli leika med. Det gjer at leik kjennes lovleg, det kjennes spennende, det kjennes som det einaste rette. Det kjennes trygt.
Årets avgangselevar er ein samansveisa gjeng som erkjenner viktigheita av ein liminal leikeplass i kunstnarisk utviklingsfase, og når studiet så vennleg gir oss dette, utnyttar vi det til det fulle. I denne kveldens arrangement får de sjå resultatet.»