Fredag 17. mars, kl 19.00, åpner vi årets første separatutstilling i Atriet, med tidligere KiB student, Mari Norddahl.
Utstillingen er en del av utstillingsprogrammet til KiB hvor publikum kan oppleve utstillinger med tidligere studenter, som er under utdanning, nyetablerte eller mer etablerte kunstnere. Vi arrangerer også utstillinger med ulike samarbeidspartnere.

Norddahl sin utstilling er åpen én helg, fra fredag 17. mars – 19. mars.

Vernissage: Fredag 17. mars kl 19.00

Øvrige åpningstider er :
Lørdag: 12-17
Søndag: 12-17

Mari Norddahl (f. 1990) arbeider med mjuke, taktile objekt gjennom skulptur, installasjon og performance. Tekstil er hennar hovudmateriale, og objektet som fenomen står sentralt i hennar prosjekt. Ho er oppteken av korleis vi tolkar og ilegg verdi til tinga rundt oss, samtidig stiller ho spørsmål om Tingen kan vere ei autonom eining, med eit eige medvit over eigen eksistens.

Hennar hovudteknikk er saum. Ho syr for hand og på maskin, og tek omsyn til tekstilet sine historiske og tekniske verdiar på vegen. Av materialar har ho ein forkjærleik for taktile kvalitetar, dei som vekker lysten til å ville røre ved overflata, samtidig som objekta får behalde eigen vilje og agenda. Norddahl er oppteken av dei biletlege kvalitetane i det tekstile materialet, og korleis objekt framtrer i omgjevnadene dei er plasserte i. Arbeida oppfordrar til undring og nyfikenheit, og balanserer mellom det absurde og leikne, og det stramme og seriøse.

Norddahl bur og arbeider i Bergen, og har si utdanning frå Kunstskolen i Bergen (2010-12) Kunsthøgskulen i Bergen (2012-17) og Glasgow School of Art (2014).

marinorddahl.no