Velkommen til årets avgangsutstilling, «Jordbær på betong»,
på Kunstskolen i Bergen!
I år kan du som publikum få utforske hele 32 studentprosjekter i skolens lokaler i Kanalveien 5.
Avgangsutstillingen reflekterer det myldrende mangfoldet i en klasse på over 30 studenter.
Vi gleder oss til å åpne dørene på fredag den 29. mai, kl. 19!
Øvrige åpningstider er:
Offisiell utstillingsåpning: 29. mai kl. 19
Lørdag og søndag kl. 12-17
Adresse: Kanalveien 5
En velkomsthilsen fra studentene:
Kanskje du som oss umiddelbart kjenner det: teksturen i tittelen, og dei blanda tonane som resulterer i eit duftbilete som kan skildrast som skitten sumar.
Det er usikkert kva som er det mest bearbeida av materiala: er det jordbæret, dyrka, spraya og passa på fram til plukkedagen, kjøpt av eit lukkeleg menneske på rema 1000, og no mista, kanskje lett skvist ut over den kalde flata. Eller er det betongen med sitt mangfaldige innhald? Sement, vatn, sand, og det mystiske og fryktlada ordet tilsetningsstoff er bestanddelane til dette materialet.
Her kunne vi teke ein tur innom spørsmålet om kva som er naturleg, og i det setninga er fullført er vi allereie ferdige med refleksjonen, som ikkje kan resultere i eit svar. Igjen står vi med denne tittelen, denne merkeleg konkrete og samtidig uavklarte tittelen som ikkje vil vere noko anna enn nettopp det den er.
Utstillinga har bestanddelar frå så mange individ at det einaste som kan oppsummere heilskapen anten er noko ekstremt svevande eller noko merkelig konkret. Heller enn å forsøkje å analysere bestanddelane, burde vi kanskje slå oss til ro med at dei to forskjellige, den saftraude og den varmgrå, den mjuke og den knallharde, dannar ein nydeleg forbindelse for alle som tek seg tid til å sjå. Møtet er kvardags-kosmisk. De er hjarteleg velkomne.